Spiterstulens historie

Anne og Lars E. Sulheim på Nigard Sulheim har i mange år interessert seg for historien til garden og seterdrifta. De har lest gamle dokumenter og brev, blant annet rettsdokumenter. Ut fra dette har de skrevet en del om Spiterstulen sin historie. Dette kan du lese mer om her.

Spiterstulen var opprinnelig en seter under garden Nigard Sulheim. I forbindelse med økende nasjonalromantikk og ønske om å utforske og dyrke det ekte norske (etter mange hundre år med dansk og svensk herredømme), var det studenter og vitenskapsfolk som først tok seg inn i fjellheimen. De tegnet skisser og botaniserte, og etter hvert økte også interessen for bestigninger. Folk tok inn på setrene for litt mat og husly, og Spiterstulen ble gradvis utviklet til turisthytte, som så mange andre setre mot slutten av 1800-tallet.

Spiterstulen 1890, foto Knud Knudsen
Spiterstulen 1900, foto Ingebrigt Mittet
Spiterstulen 1936, foto Ingebrigt Mittet

Spiterstulens historie

Spiterstulen har vore seter under Nigard Sulheim. Garden hadde både heimseter og høgseter i Visdalen. Spiterstulen var høgsetra /fjellsetra. «Folk i desse fjellbygdene budde i bygda, men levde av fjellet», sa Eiliv (1922-2007). Setrene hadde ein svært viktig funksjon. Så snart det var noko beite, drog dei med buskapen til fjells. Sommarbeitet gav dyra næringsrikt fôr og her var største mjølkeproduksjonen gjennom året. Dette resulterte i ost og smør, og dessutan kjøt. Det vart mat for folka på garden, – og i tillegg betalingsmiddel ved bytehandel og kjøp. Seterdrifta var viktig!

Turistane begynte å kome på  siste halvdel av 1800-talet, og det kom stadig fleire som ville til fjells. Harald Wergeland hadde vore i området på 1840-talet for å måle høgder på fjella. Han slo fast at Galdhøpiggen var høgste fjellet i Noreg. I tillegg var det fleire høge toppar i fjellområdet her. Dette var turistane interesserte i. Spiterstulen gjekk etter kvart frå å vera seter til meir og meir å bli ei turisthytte. I 1978 vart turisthytta Spiterstulen skild frå  garden.

Spiterstulen 1925, foto J. N. Nerlien

Menneske her i 2900 år

Det har vore menneske i området ved Spiterstulen for 2900 år sidan, – altså frå 900 år f.Kr. og heilt fram til vår tid. Pollenprøver frå ei myr på vestsida av Visa syner mykje kolstøv i prøvene gjennom heile perioden. Dette fortel om menneskeleg aktivitet her [1].

For 2800 år sidan og i om lag 300 år var det husdyr og truleg myrslått her. Det skulle vore artig og visst meir om korleis dei levde, budde og fann seg mat! Truleg har jakt på villrein vore eit viktig tillegg til husdyra. – Pollenanalysen viser vidare at det har vore fedrift i periodar for så å forsvinne att.  Etter ein periode på 300 år med mindre jordbruksaktivitet, starta det oppatt frå ca. år 1650. Sidan den tid har det vore fedrift her heilt fram til no.

I matrikkelen frå 1668 står det at Nigard Sulheim «har Wiisdal Setter til Sommerbeed.» At seterdrift i Noreg har lange tradisjonar, er det mange døme på. For om lag 1000 år sidan skreiv ein tyskar dette om nordmennene: «På arabisk vis held folk buskapen sin lenge ute i øydemarkene. Og dei held livet oppe på den måten at dei nyttar mjølka av feet til mat, ulla til klede.»[2]

Fyrste seterhuset på Spiterstulen

I 1844 sette Steinar Sulheim (1815-1856) opp eit enkelt seterhus der Spiterstulen ligg i dag. Før dette låg høgsetra på vestsida av Visa under Styggehøe i området vi i dag kallar Gamelsætre. Der ser ein godt dei gamle tuftene. Dette er eit særs fint beiteområde, men utsett for snøras.  Rasfaren gjorde at Steinar Sulheim flytte setra til Spiterstulen.

Rønnaug (1838-1934), dotter til Steinar, skreiv i eit brev: «Far byggede et almindeligt Sæterhus paa Spiterstulen.»  Elles var denne setra skildra slik i 1852: «Der findes intet andet Huus end Sæterhuuset …  hvorunder er udgravet et Slags Fjøs. Huuset indeholder foruden Stue tillige Bod eller Melkebod.»

Det enkle fjøset under seterhuset fungerte truleg slik at budeia tok inn ei og ei ku til mjølking. Dette kjenner vi til frå andre setrer på den tida. [3] Elles gjekk nok dyra ute heile døgnet. Etter kvart som det auka på med ferdafolk, kunne det oppstå spesielle situasjonar. W. C. Slingsby skildra ei overnatting på Spiterstulen i 1874 slik: «The cows were milked in our bedroom[4]

Nikolai R. Østgaard kom til Spiterstulen saman med ein lokal kjentmann seint ein kveld i 1857. Ei trivelege budeia tok vel i mot dei, tende bål på peisen og varma litt drikke som dei fekk.  Men det var berre ei seng i seterhuset. Budeia gjekk sjølv og la seg ein annan plass. Senga gav ho til dei to ferdafolka.

Etter kvart kom det stadig fleire turistar til Spiterstulen. Yngvar Nielsen skreiv om ei overnatting i 1865. « Paa Spiterstulen, hvor vi tog Nattekvarter, var der saare knapt med Rum. Hver Plads var opptaget baade i Senge og Paa Borde, baade over og under[5]

I 1875 kom Slingsby attende til Spiterstulen. Da fortel han om ein betre komfort og standard. Det var bygd eit eige rom for turistar attåt seterhuset. Steinar Sulheim som hadde sett opp seterhuset på Spiterstulen, var død nokre år tidlegare. Garden med dei to setrene vart seld til Rolv Larsson. Rolv sleit med økonomien etter gardkjøpet. Han gjorde ein del grep for å greie seg. Han selde mellom anna heimsetra som ligg lenger ned i Visdalen. Den aukande turisttrafikken på Spiterstulen såg han som ei mogleg inntektskjelde. Han bygde det fyrste rommet for turistar som stod ferdig i 1875. Dei tre døtrene hans Marit, Anne og Live var budeier og vertinner. Sonen Lars vart ein kjend førar og fyrstebestigar. Rolv satsa verkeleg på turisttrafikken. Etter kvart bygde han meir for å leggje til rette for turistane. Dessutan grov han m.a. ein rideveg opp den fyrste lia mot Galdhøpiggen. Slik skulle turistane få ein enklare start på turen, – truleg mot eit lite tillegg i førartaksten. For å sleppe mjølkinga under seterhuset bygde Rolv rundt 1880 eit skikkeleg steinfjos der mjølkedyra kunne stå inne om natta.

Spiterstulen 1884, foto A. Lindahl.

Einerett til seter og hamn i Visdalen

Steinar Sulheim hevda einerett til setring og hamning i ytre Visdalen. På fyrste halvdel av 1800-talet var det fleire saker både i forlikskommisjonen og i retten om beite- og seterrett i ytre Visdalen. I 1851 begynte ei rettssak mellom Sygard Gaupar og Nigard Sulheim. Eigaren på Sygard hadde sett seg opp seterbol i ytre Visdalen, – på vestsida av Visa og litt heimafor Spiterstulen. Denne saka enda med at Gaupar sitt seterhus måtte rivast. I tillegg måtte dei betale erstatning. Tufta etter setra er framleis godt synleg. Dommen vart anka og gjekk til Høgsterett.  Men saka vart ikkje avslutta før i 1859. Da var Steinar Sulheim død, og Anne, enka hans, inngjekk forlik med Sygard Gaupar. Som erstatning fråskreiv Gaupar seg hamneretten i Visdalen bortsett frå at han som var gardbrukar på den tida, sjølv skulle få hamne med hest så lenge han levde.

Elles vil vi nemne at i samband med denne rettssaka vart det i 1852 kalla inn mange vitne. Dei eldste vitna hugsa og kunne fortelje om setring og beiting i Visdalen 60 år attende. Her har vi fått mykje informasjon om seterdrifta frå 1790 og heilt til 1852.

Fyrste føringa til Galdhøpiggen

I juli i 1850 starta tre menn frå Visdalen for å prøve å nå toppen av Galdhøpiggen. Den eine var Steinar Sulheim (1815-1856), gardbrukaren på Nigard Sulheim og eigar av Spiterstulen. Dei andre var Lars Arnesen og Flotten [6]. Dei budde alle tre i Lom.

«Vi gik Kl. 12 om Natten fra Sæteren i Visdalen,» skreiv Flotten i eit brev.[7] Dei var oppe på toppen klokka seks om morgonen. Vidare står det i brevet: « … paa Toppen var Vinden saa kold, at vore Hænder bleve stive, da vi skulde udskjære vore Navne paa en Stok, som vi satte ned i Sneen.» Denne stokken vart funnen att i 1855 fastfrosen i isen, fortalde Torgeir Sulheim. Han var saman med far sin, Axel Arbo og nokre fleire på den andre bestigninga av høgste fjellet i Noreg.[8]

Det var vanleg at dei fyrste som kom på ein topp, bygde ein varde som bevis på at dei hadde vore der. Men i brevet frå Flotten står det at toppen: «… overalt er bedækket med Snee.»  Truleg var det ikkje mogleg å finne steinar slik at dei kunne byggje ein varde.  Dei sette i staden ned ein stav i snøen for å markere at dei hadde vore der.

Fyrst på 1840-talet hadde Harald Wergeland gjort høgdemålingar i fjellet og konstatert at Galdhøpiggen var det høgste fjellet i landet. Dette hadde nok desse tre lomværane fått greie på. Kanskje var det Baltazar Mathias Keilhau som hadde informert Steinar Sulheim om resultatet av desse målingane? Keilhau hadde saman med to studentar gjort to forsøk på å nå Galdhøpiggen i 1844 utan å lykkast. Da budde dei i Visdalen.

Elles var det ikkje vanleg at bygdefolk på den tida tok seg tid til å gå turar høgt til fjells utan å ha ærend dit. Ein lomvær vart ein gong spurd om kor mange gonger han hadde vore på Galdhøpiggen. «Nei, der uppå  har eg ikkje hatt ærend,» var svaret. Det var seterarbeidet, tilsyn av dyr, jakt og fiske som fekk bygdefolk til fjells. Desse tre karane let seg likevel lokke av det høgste fjellet i Noreg. Men tradisjonen fortel at Steinar Sulheim hadde ei forklaring på kvifor han brukte ein dag på denne turen. Han hadde «ilt for bringa» og da skulle det vera så bra å gå «oppfor Bakke»![9]

Galdhøpiggen frå Juvflye i 1886, foto A. Lindahl.
Og nå – sjå breen gjekk heilt opp den gang. Foto O. Puschamnn 2020.

Spreke damer

Rønnaug Sulheim var på Galdhøpiggen i 1856. Steinar, ein av fyrstebestigarane, var far hennar. Dessutan var ho syster til Torgeir som var på Piggen i 1855 saman med det fyrste fylgjet med turistar dit.

Men Rønnaug var nok på Galdhøpiggen fleire gonger, – ja, til og med som førar. Eiliv refererte Rønnaug som hadde fortald dette på sine eldre dagar: «Det kom eit fylgje med skottar på sætre, og skulle absolutt ha førar på Galdhøpiggen. Det var ingen andre te di, så vart ho med døm, ho Rønnaug. ‘Men ha’ eg visst kådant døm va klædde, så ha’ eg nok ikkje våga meg te mæ di,’ sa ho. ‘For veit du dæ du, at døm ha’kje einna heil eit skjørt på sin syndige kropp!’»[10]

Men det har vore fleire spreke damer på Spiterstulen. – Sommaren 1886 kom den finske professoren Edv. Vestermarck saman med Knut Vole til Spiterstulen. Dei hadde vore på Galdhøpiggen. På Spiterstulen vart dei møtte av dei tre syskena Sulheim: Lars, Marit og Live. «Nu ska’ du vara snabb med maten, Marit, ty efter en timma ska’ vi upp på Glittretind,» sa Vestermarck. Målet var både Galdhøpiggen og Glittertind på same dag! Marit vart fyrst overraska, men så brast ho ut i ein klingande latter. Og mat vart det!

Glittertind 1922, foto: C. Normann.

Men Live ville òg vera med til Glittertind. Ho visste kva ho gjekk til, for ho hadde vore der før. Fyrste gong var i 1880.[11] Da var ho 14 år. «Att Liva följde med fra Spiterstulen förlänade vår expeditionen ett visst poetisk skimmer utan at göra intrång på farten. Ty Liva är en så rask flicka, att hon kan ta många karlar i kragen,» skreiv Vestermarck.[12] – Live fekk dessverre tuberkulose og døydde berre 23 år gamal.

Marit, som stelte i stand mat til Vestermarck og Knut Vole, fekk seinare fem born. Ei av jentene kalla ho Live (f. 1885) etter syster si som ho hadde mist. Denne andre Live har òg vore førar til Galdhøpiggen. Eiliv skreiv om dette:

«Ho Live farsyst fortalde meg om ein gong ho var førar. Det kom ein einsleg kropp som absolutt skull ha førar. Ho gjekk på lærarskule, men var nå heime i ferien – og ho hadde vore på Piggjen fleire gonger. Det var vandt om førar, så det vart så ho tok med ‘om da. Det var etter det var bygd hytte på Piggje, og der viste det seg at det sto ei vinflaske til salgs. Denne ville kroppen kjøpe, og ho tykte ikkje ho kunne nekte ‘om det. Så ville han spandere. Ho Live var ikkje vidare vant med slik drikke, men ho var dan tå kå det kunne gå dersom han drakk for mykje au. Ho hadde høyrt ymt om at det skull vera virkningsfullt uppå der. ‘Så eg sa ja takk, eg, og drakk nok min del. Oss tåla det godt bau tvau, etter som eg hugsa, så det gjekk så fint at!’»[10]

Sulheimsstua på Galdhøpiggen.

Seterdrifta

Fram til den tid hadde Spiterstulen fyrst og fremst vore seter. Budeia hadde eit særs viktig arbeid. Det var heilt avgjerande å ha ei flink, røynd og ansvarsfull budeie. Budråtten frå setra, var viktig for garden. 50% – 60% av mjølka vart produsert i dei vekene buskapen var i fjellet. Vi kjenne til ein annan gard  der det i 1875 var registrert ein samla budrått på 600-700 kg ost og bortimot 100 kg smør.[13] Denne garden er noko mindre enn Nigard Sulheim. Ein kan altså rekne med at produksjonen på setra til Nigard Sulheim var noko større enn dette. Alt skulle kløvjast og fraktast til bygda. Dei gjekk nok til setra med hest for å kløvja heim budråtten fleire gonger i løpet av sommaren.

På siste del av 1800-talet auka turisttrafikken. Etter kvart vart større og større del av mjølka brukt til drikke og matlaging til turistane. Dei siste åra med kyr på Spiterstulen produserte dei ikkje nok mjølk til turisthytta. Siste året med kyr var 1971. – Mjølka som vart produsert på setra til Nigard Sulheim, har aldri vore levert til ysteri.

Marit Rolvsdotter og Eiliv Ofigsbø

Torø, kona til Rolv, opplevde mykje strev, hugsott og motgang. I løpet av nokre år mista ho alle fire  borna sine og mannen. Men før Rolv døydde hadde eldste dotter, Marit, og mannen hennar, Eiliv Ofigsbø, teke over drifta av garden og Spiterstulen. Marit og Eiliv fekk fem born, men under fødselen i sjette svangerskapet døydde Marit og tvillingane ho bar. Eiliv held fram, fyrst og fremst med å drive garden. Men han vart òg ein flink og verdsett DNT patentførar. Loggane hans, der turistane helst skulle skrive litt om føringa, fortel om ein dyktig og triveleg kar.

Fedrifter

Driftekarar gjekk gjennom Visdalen med fedriftene sine, fortalde Rønnaug Steinarsdotter. Det vart irritasjon om dei vart lenger enn nødvendig. «Jeg hørte det var Knurr naar man syntes de gav sig for god Tid», skreiv ho.

Driftekarar reiste om vinteren rundt på gardane og gjorde avtale om å kjøpe dyr som skulle slaktast. Tidleg på sommaren vart dyra henta og så drog heile drifta til fjells for å gå på godt beite. Området rundt Bygdin og Tyin var mykje brukt til dette, men òg Gjende. Om hausten tok driftekaren med seg heile flokken og gjekk etter ei fast rute til Kristiania. Der vart dyra selde og slakta.

I 1845 var det ei sak i forlikskommisjonen i Lom. Saka galdt kvilebeiting for ei fedrift i Visdalen. Driftekaren som var stemna, hadde hatt for lang kvilebeiting i Visdalen.  I klaga frå «Stener Sulem» står det at ein driftekar: «…tillod … sig uden Tilladelse at havne   … med en sig tilhørende Fædrift … flere Døgn i yttre Visdalen.» Dyra frå Nigard Sulheim kunne ikkje flyttast til «yttre Visdalen» til vanleg tid, fordi «Havnegangen af hans Fædrift var udbeitet.» Steinar og driftekaren inngjekk forlik. I forliket forplikta driftekaren seg: «til ikke at havne med … [sin] Fædrift i yttre Visdalens Havnestrækninger ved Reisen til Gende længer end høist nødvendigt.» Steinar sa på si side at driftekaren «skal blive … at betrakte lige med de mest Begunstigede af de øvrige Handelskarle.» Han var med andre ord ynskt velkomen attende til Visdalen på tur til Gjende berre han ikkje vart for lenge. – Eiliv meinte at grunnen til at driftekaren drygde så lenge i Visdalen, skal ha vore at han var kjæraste med budeia på setra!

Men ein kjenner òg til at det har gått fedrifter på beite i ytre Visdalen. I ein rettssak i 1852 fortalde eit vitne at han «..havde … sit Slagtefæ i Visdalen i flere Aar.» Dette var nokre år på fyrste halvdel av 1800-talet.[14] På den tida var ikkje Gamelsætre i bruk. Vitne fortalde at setra «var i altfor mislig Stand til at kunne bruges», og «den ytre [seter] stod øde.» Da var dei berre på heimsetra lenger ned i Visdalen, og den ytste delen av Visdalen vart brukt til hamning for eigne og andre sine dyr.

Lars Eilivsson og Karen Aukrust

Eldste sonen til Marit og Eiliv, Lars, gifta seg med Karen Aukrust i 1916. Dei tok over garden og Spiterstulen frå det året. Dei dreiv godt båe delar. Mellom anna bygde dei og restaurerte hus, og fekk etter kvart betalt ned gamal gjeld. Største lyftet deira var nok bygging av ny hovudbygnad på Spiterstulen. Tømmeret vart hogge i garden sine skogteigar i Visdalen. Arbeidet med laftinga starta i 1932 og huset stod ferdig i 1935. For å få stein til grunnmuren vart Rolv sitt steinfjos rive, og nytt fjos av tre vart bygd. For å få plass til nybygget vart det gamle seterhuset flytt lenger opp i garden. Der står det den dag i dag, under namnet Høgsetra. Den nye hovudbygnaden hadde mellom anna ei særs vakker peisestugu med gamle skåp og møblar. Karen leia arbeidet på kjøkenet, Lars var iherdig førar i tillegg til alle moglege andre oppgåver. I høgsesongen hende det at han førte to turar til Galdhøpiggen pr. dag!

Karen og Lars Sulheim

Transport

Maten vart den fyrste tida tilstelt av det seterdrifta og dyra gav. Stuttreist mat var sjølvsagt det enklaste! Lars betalte tamreinlaget for at han kunne få felle seg dyr når dei fòr forbi Spiterstulen med flokken. Kjølelageret var snøfonna oppe ved nedre Spiterfossen! Men etter kvart vart det mykje som måtte fraktast frå bygda og opp til den vaksande turistbedrifta. Kløvhest hadde vore transportmiddelet frå så langt attende som ein har kunnskap om. Om vinteren var slede noko meir effektivt. Tyngre ting som t.d. materialar til bygging og vedlikehald, måtte fraktast opp på vinterføre. Slikt kravde god planlegging!

Sakte men sikkert vart stigen opp Visdalen såpass bra at kjerre kunne brukast. Fyrste kjerre kom til Spiterstulen i 1939. Men Karen og Lars sine vegarbeidarar dreiv på jamt og trutt, og i 1945 kunne ein køyre heilt fram med bil. Lars kjøpte tre utrangerte amerikanske jeepar og ein weasel etter 2. verdskrig. No vart det fart i sakene så lenge utstyret held. Men særleg weaselen var ikkje alltid i toppform. Det vart nytta både traktor med belte, snøscooter og enda til hest til langt utpå sekstitalet.

Visdalen har fleire store tverrelvar. Dette krev bruer. Det vart bygd moderne bruer med stålbjelkar etter heile Visdalen på fyrste halvdel av sekstitalet. Dei gamle bruene hadde vore meir tilpassa hesteskyss, men dei dugde og for dei små jeepane i mange år. Flom har vore ei utfordring, ikkje minst i høve til bruene. I 1938 vart det bygd ny bru over Skauta, med tanke på bilar. Same året tok flaumen både den brua, brua over Visa ved Heimsetra, og gangbrua over Visa ved Spiterstulen.

Telefonen kom òg i Karen og Lars si tid. Dei fekk kjøpt to mil med telefonline. Det vart sett opp nokre stolpar, men lina hekk for det meste frå furu til furu opp gjennom Visdalen. Telefonforbindelsen kunne variere ein del. Vart det varig brot, måtte ein av stad for å finna feilen og få knytt i hop att lina.[10]


[1] Høeg, Helge Irgens, «Pollenanalytiske undersøkinger i Vågå og kommunene rundt» Norheradsprosjektet 2014.

[2] Det var Adam av Bremen som skreiv dette ca. 1075. – Koht, H. «Den eldste Noregs-historia, Det norske samlaget 1950:78.

[3] N. Ramm Østgaard «Fra skov og fjeld», Christiania 1858:124

[4] DNT 1878:86

[5] Nielsen, Yngvar «Erindringer fra et halvt Aarhundredes Vandreliv, Kristiania 1909: 80

[6] Da Flotten gifta seg i 1851, vart han skrive inn i kyrkjeboka  som «Kirkesanger Ingebrigth Nilsen Flotten». Men da brevet vart referert (sjå note 2), vart han kalla S. Flotten.

[7] DNT 1948: 33

[8] DNT årbok 1885:48

[9] Aubert, E. «De gamle prestegårde», Kristiania 1902: 135

[10] Henriksen, V. «Spiterstulen gjennom 150 år», 1986:21-23

[11] DNT 1880:112. Her står det: «De to første Kvinder på Glittretind. Den 6te August 1880 besteg frøken T. fra Oslo og Live fra Lom Glittretind sammen med Knut Vole fra Lom …». Men Slingsby skildrar at syster hans, Edith Slingsby, var på Glittertind i 1875. Slingsby, W.C. «Til fjells i Norge», Cappelen 2004:54

[12] DNT 1887:84-85

[13] Hosar, H. Skjåk bygdebok 3. Skjåk kommune 1998:133-134

[14] Vitnet sa at dette var da stefar til Steinar Sulheim dreiv garden. (1821-1835)